Melodi
Alt

Tenor

Bass

 

 Songen om Snillfjord ein song er om fjellet
som lyser i mot deg i haustdags eld.
Det er ein song om svartstille vatn
i mjuke og fredfylte sommarkveld.
Songen om Snillfjord ein song er om fjordar
når sola sig gloraud i havet ned.
Det er ein song om gylte knausar,
om glatte svaberg og grøne tre.

Songen om Snillfjord ein song er om skogen,
om mørke graner og bjørk og hegg.
Det er ein song om lauvtrekroner
der fuglar finn livd for reir og for egg.
Songen om Snillfjord er songen om folket
om trufaste slitarar, kvinner og menn.
Det er ein song om dei lange økter
i kvar sin heim og i kvar si grend.

Songen om Snillfjord ein song er om fiskar'n
som fann si føde i skjærgarden her.
Det var ein song om ein liten robåt
og åretaka i allslags ver.
Songen om Snillfjord om Trøndelags vestland,
det er ein song så lys som ein vår.
Mollstemt når gråveret ligg over fjella,
angstfylt når stormen og havmakta rår.

Songen om Snillfjord er songen du kjenner
du som har røtene dine her.
I medgang og motgang har du den med deg
og kvar du enn ferdast så er den der.
Songen om Snillfjord ein song er for unge
som odlar og dyrkar sin heimegrunn.
Det er ein song om det kjære og nære
til glede og fest ja til høgtidsstund.

Tekst: Ellen Myrenget
Melodi: Anne Kristine Bolme Selnes