|
Fastskolen
på Ven
Litt om
skolestua
Bygging
av skolehus
Språket
Fysisk
fostring i skolen, og attover i tida
|
Ven
skole
Denne kom med med skoleordning på nokolunde samme tid som andre
kretsar. Det var sjølsagt omgangsskole frå tidlege tider. I alle fall
etter skoleordninga fra 1830 og seinare utover bestod roden, etter
det som nå blir kalla for skolekretsen.
Skolekretsen rakk frå og med Volden og ut til Hollaelva i Hemne. Roden
låg i 2. distrikt og var nemnt som 3. rode. Frå 1860(1863?) vart det ny
rodeinndeling og då kalla 4. rode (8. kredsskole). Området for skolen
var då endra til strekninga Klungervika — Selnes — Berdal.
I protokollen frå 1872 for Vennen krets er oppført at den gamle ordninga
med 72 skoledagar i året nå frå hausten av skulle bli 108 skoledagar.
Fastskolen på Ven ã
I skoleprotokollen frå 1872 er innført at skolen held til i leigd
fast lokale hos Lars Andersen Vennen. Det gjaldt både øvste og nedre
avdeling (både storskolen og småskolen).
Frå først av skreiv dei Vennen skole, men frå ca. 1892 vart namnet
endra til Ven, og slik er skrivemåten også i dag.
Fastskolen var slik plassert, gjeld begge avdelingar:
- Hos Lars Andersen Venn 1863?— 1880
- Hos Arnt Eriksen Selnes 1880 —1882
- Hos Lars Olsen Venn 1883 —1893
- Hos Lars Andersen Venn 1893 —1900
Kretsmøtene blei alltid heldt på garden Ven.
Skoleeksamen foregikk i skolelokalet.
Rundt 1896 var leiga av skolelokala fastsatt til kr 2,20 pr. veke. Lite
beløp i dag, men den gongen kjærkomne kroner som inntekt. |
| |
Litt
om skolestua ã
Skolen heldt til i "nystua" på gardane. Elevane 20—30
stykker rundt bordet med læraren for eine enden av langbordet. Gutane
satt på lang-benken opp mot veggen og gjentene på framsida av
langbordet.
Skolebordet som nå står på Ven fortel historie. Den langsgåande
bjelken som held bordfotane er sterkt nedsliten etter slitasje frå heljarna
til gutane på den eine sida, medan gjentesida er heil og fin.
Likeså var bordkanten "skamfert" av knivane som gutane hadde
med, gjentesida var urørt. Det var større skilnad i framferd på gutar
og gjenter mellom den gongen enn no, meir tillært gutungframferd og anna
som var passeleg gjenteframferd.
Når gutungane blei for vanskelege å ha med å gjera kunne dei bli vist
ut av læraren. Ja, for det var berre gutane som var slemme. Det er
fortalt at ein gut blei vist ut. Han gikk like godt ned i Vennaelva og med
herre hendene fanga han ein fisk. Han gikk så til kona til læraren
(Johnsen) og selte fisken.
I ettertid blei dette rekna for å vera frekt (freidigt) gjort. Så
grensene var snevre for kva som kunne gjerast den gongen.
Bygging av skolehus
ã
I 1890— i april — var kretsmøtet enstemmig enig i skolestyrets
forslag til ny kretsinndeling. Men i desember samme året kom saka opp på
nytt og da stemte 17 for kretsinndelinga og 1l mot. Dei 11 ville at
Skorild, Asen og Vilvangen ikkje skulle vera med i skolekretsen og dei
meiner at 20 veker skolegang må vera nok!
I kretsmøte i 1892 blei det beslutta å bygge skolehus. 12 stemte for
tomt på Forrastranden og 6 stemte på tomt øst for Vennaelva. Det blei
etter kvart nokså stor strid i kretsen om plasseringa av skolen, og
krets-møtet 10. juni 1893 ba "Myndighederne" bestemme staden.
Ny avstemning i desember 1895 om kor skolehuset skal stå enten på
Forrastranda eller Vollasanden, og herredsstyret ba om oppmåling av
avstandene innan kretsen.
19 stemte for Forrastranden og 28 for Vollasanden. Det blei også målt
avstand over Snillfjorden frå Selnes til Klungervika. Så det ser ut til
at foreldra var nøye på at det ikkje skulle bli for langt å gå for
barna sine. Likevel måtte mange losjere borte hos slekta eller andre.
Enden på visa vart at skolehuset stod ferdig sommaren I 900 på
Forrastranden, og der stod det til huset blei reve og flytta i 1954, til
der skolen er nå.
Men så tidleg som i 1937 behandla kretsen tomt for ny skole, da enten
østafor Vennaelva eller vestafor Øvereinan. En kom så langt at det blei
arkitekttegna eit 2-etasjes bygg. Om det var for lite bevilgning eller at
krigen sette ein stoppar for bygginga og gjorde at bygginga blei utsatt
veit ikkje nokon om.
Nokre år etter krigen slutta blei det kjøpt skoleplass der skolen står
nå. "Gammelskolen" blei flytta dit og bygd oppatt. Det var
"reiregget" til den nye skolen. Etter kvart er det bygd på
både i aust og vest. Og nå held skolen ikkje krava til god skole, og det
må til påbyggingar og ombyggingar. Enda barnetalet ikkje er større enn
i forrige hundreåret!
I den vesle kåken midt i nåværande skole fekk vi tilårskomne vår
skolegang/lærdom. Det seier oss at skolen er heilt annleis i vår tid.
Skolehuset frå 1900 var standardskolehuset med eitt klasserom, ein liten
gang, og dessutan eitt lite rom som "bolig" for lærar/lærarinner.
Huset var ca. 10 alen breitt (6,1 meter) og 13 alen langt (7,9 meter). Og
utafor stod eitt vedskott med utedo som det lukta av.
Det gikk med 2 1/2 famn bjørkeved for å halde varmen i huset,
til 11 kroner famna i 1900.
Seinare med lengre skoletid gikk det med opp til 4 famner ved på
vinteren. 5 øre for opptenning om morgonen var prisen for å tenne
opp i omnen i 1900 til naboen som gjorde dette. Ingen høg sum synes vi i
dag.
I 1930 blei det lagt inn springvatn, men det virka visst ikkje så mange
åra. Og så var det til å fylle ein vass-sisterne langt oppå veggen med
vatn frå ei bøtte, slik at vi skolebarna hadde noko å drikke. Det
pågikk visstnok til etter siste krigen.
Vi les og i protokollen at kretsen var imot å endre skoleordninga og
skolebøkene. Det var strid/motstand mot å innføre Jensens lesebok og
seinare Rolfsens lesebok.
I skoleprotokollen for 1895 står det:
"Skrivelse fra Opsidderne i Vennen kreds, hvori de nægter at
anskaffe Rolfsens Læsebok for sine Børn, men udtaler at de vil benytte
Nytestamentet til Læsebok."
Dette kunne kanskje ha både kristeleg og verdsleg årsak. Testamentet
burde læsast og det kosta pengar å kjøpe nye bøker. "Dæm fekk
grei sæ med det som va." |
| |
Språket
ã
Språkformen i gammel tid var da som nå mye prega av det folk las og
det som ellers vart snakka. Resultatet av avstemninga i kretsmøte i 1 908
var at samtlege 20 frammøtte stemte imot at rektor Horns geografi på
landsmål skulle nyttast. Men så i 1920 blei landsmål innført med stort
fleirtal. Nynorsk var språket i Ven skole til for 2—3 år sidan. da
bokmål vart innført.
Fysisk fostring i
skolen, og attover i tida ã
Vi som gikk på skolen i mellomkrigsåra og siste krig hugsar
linjegyrnnastikken med bøy og tøy. Ellers var vi ungane fullt opptatt
med å "slå ball", "sprette jeppe", "hopp
paradis", "kast tolvsten". "slå ringen".
"bro, bro, brille" og mange, mange fleire leikar før snøen
kom. Kom snøen, var det å få på seg skia, og da gikk friminutta med
til å renne seg. No er ikkje skia med på bussen til skolen.
Var det frost og berr mark med is på Forratjønna — 1 km vest for
skolen — dro vi dit i gymnastikktimane og etter skoletid og surra
stokkskeisene av tre til skorne så det gjorde vondt. Nokre hadde
jarnskeiser med kunstferdig krok, høy framme. Så rente vi og leika
"sur" til vi vart så klar at vi knapt greidde å stå oppreist.
Eller vi "slo kvems" bortover isen, ishockey ville vi nok kalla
det i dag.
Når lærar Haugen stilte opp med blanke, fine "pansera" kunne
det gå uhorveleg fort bortover isen, syntes vi. Vi var vel like mye i
fysisk aktivitet som dagens ungdom, verken meir eller mindre skulle eg
tru.
Berre det at no må det til "anlegg" og tilrettelegging før det
interesserar dagens ungdom.
Etter kvart fekk skulebygninga ein nokså brei plass i det kulturelle
livet i grenda. Ymse kristelege organisasjonar og lag, fråhaldslag og
andre heldt mange gonger til i skolen.
I 1925 søkte såleis ungdomslaget "Mjølner" om å få nytte
Ven skole til sine møter. Og svaret var positivt "under forutsetning
av at de fastsatte ordensreglar vart overhelte".
17. mai-feiringa var vanleg å starte frå skolen på Forrastranda og så
gå dei 2—3 km til Høghaugen på Selnes og retur med kafferast på
Storhaugen på Volden og deretter var folk samla på skolen utover dagen.
Det var gammelskolen.
Skolen på Ven nå for tida har ofte besøk av lag og foreningar om
kvelden, sjøl om det både er bedehus og ungdomshus i grenda, ja, fleire
hus etter at Skårild/Vuttudal kom med i skolekretsen. Nå står skolen
framfor ei restaurering og påbygging, der kanskje både barnehagen,
folkebiblioteket, lærarrom, klasserom, helsestasjon og framfor alt
gymnastikksal/"storstue" blir bygd sammen til eit
fleirbruks-skole / hus. Skolen er eit midtpunkt slik som i tidlegare år.
Har så barneskolen på Ven fostra ungdom som har gjort store bragder i
sitt liv. Vanskeleg å seie, det kjem an på dei mål ein set opp.
Skolen ga dei nok ein god start i livet som dei sjøl seinare måtte dra
nytte av. Det viktigaste var å finne sin plass i samfunnet. Mange lukkast
med det, men andre kunne vera mindre heldige.
Lærarane gjennom alle år det har vore skole på Ven har vore
forskjellige, som folk flest.
- Lærar Lars Johnsen hadde ei lang
og god tid ved Ven skole heilt frå 1872 (1870) og heilt fram til
sommaren 1919, i alt 47 år. Fram til 1893 som lærar både i
småskolen og storskolen, seinare år i storskolen.
- Anna Mortensen
hadde 1. klassen i
åra 1902 til 1939. Ein lang arbeidsdag.
- Lena Oddan,
seinare gift Volden hadde storskolen på Ven frå
1917 og slutta 1934, men hadde vikarjobbar også seinare.
- Nils Monstad arbeidde
i skolen i åra 1934—1938.
- Hans Haugen
var lærar fra 1938 til våren 1949.
Ellers har fleire lærarar vore kortare tid ved Ven skole. |