Historielaget
 

Ytre Snillfjord museums- og historielag

Vuttudal Skole
Portrettarkiv

Kyrkjebøker, folketeljingar

Stadnamnregister

Grendaarkiv

Rosemaling m.m.

Brurabåtforliset

Klungervika presentert på frivillighetsdag

Formålet med Historielaget er å gjere oss alle bevisst på at vi står i ein samanheng. Det har vore folk før oss som har funne sin levemåte i naturgrunnlaget som grenda vår kan by på. Vi blir slik meir glad i bygda vår, blir flinkare til å ta vare på historier og ting. Kanskje får vi og meir sjølvtillit slik at vi ikkje så lett gir oss over når storsamfunnet ofte veit alt så mykje betre.
  • Styret er:

Idar Klungervik, leidar

Johan Selnes, kasserar

Anna Wuttudal

Leif Skårild

Jostein Selnes

Asbjørn Ven var ein pioner i laget og er fortsatt aktiv. Aktiviteten no går fram av linkane til venstre. Ting som ikkje står der er mellom anna diverse arrangement i samband med arkeologiske utgravingar på Vollanesset i samband med vegarbeidet på fylkesvei 301. Elles er stuo på Nestua på Ven eit objekt som absolutt skulle ha vore tatt vare på. Ho er frå midten av 1600 og har ei interessant historie. Mellom anna bodde sersjanten, Ole Arntsen Ven (1740-1802), her.