| Vennastranda bedehus | ||
![]() Bedehuset år 2000 |
Bedehuset ca år 1950 |
![]() |
Einar Selnes ![]() |
![]() |
|
Historisk oversik Her i kretsen har det frå gammalt ikkje vore noko møtehus, men alle slags møter har vore i private heimar. Det gjekk bra lenge, men utover 1930-åra kjente ein meir og meir trongen etter eit bedehus. Etter å ha tala om dette både vel og lenge, vart det i 1938 på eit møte i Ytre Snillfjord indremisjonsforeining valt ei nemnd til å arbeide meir offisielt med saka. Dei som vart valt var Martin Forren, Martin Volden og Einar Selnes. Den første basaren til inntekt for bedehuset vart halde 11. mars 1939 hos Andreas Ven, som alt da hadde gjeve tilsagn om gratis tomt til bedehuset i nærleiken av gravplassen. Arbeidet med å få tomta oppmålt, skyldsett og papira tinglyst, vart teke opp i møte 13. august 1939. Statuttar for huset vart vedteke i offentleg møte den 21. januar 1939. Der heiter det at formelt skulle misjons-foreiningane i grenda stå som eigarar for huset. I møte 29. desember 1942 låg det første forslag til teikningar for bedehuset. Byggmeister Andreas Sande i Indremisjonsselskapet hadde vi kontakta om dette, og han hadde sendt fleire forslag. Eit av dei vart akseptert. I møte 9. desember 1944 heiter det at stillinga framleis er like vanskeleg med omsyn til byggjematerialar, og at det framleis er uråd å tenkja på bygging. Den 22. juni 1945 vart det til byggenemnd valt: Peder N. Forren, John A. Ven, og Einar Selnes. John A. Ven tok på seg og lage glassetningane og seinare benker. Han stod elles for trearbeidet med huset. Grunnmuren, førsteetasjen, var da ferdig i betong - laga av folk frå grenda. Og folk frå grenda var og med under muringa. Eidsvoll hadde da to mann her. Råbygget vart reist i 1946-47. Dei utgiftene som er bokført, og som for det meste vedkjem byggearbeidet i åre 46-48 er Kr. 15719,-. Kor mykje dugnadsarbeid som kjem i tillegg er det ikkje rekna på, med det er nok meir, vil eg tru. Materialer til bjelkelag, takverk og golvbord m.v. vart skore hos Peder Volden. Han skar også spon til taket, alt dette for ein svært rimeleg penge. Det same var tilfelle med tømmeret ein hadde fått tak i. Snillfjord kommune søkte i 1950 om rom til Sør-Trøndelag fylkesskule som det kunne vera spørsmål om å få til bygda i 1950-51. Det var og søknad frå soknerådet om rom til konfirmantførebuinga i 1951. Samvirkelaget søkte i mange år om å få ha årsmøta sine i bedehuset. Elektrisk lys og kraft vart innlagt i 1952 sjølv om krafta kom først i 1953. Same året vart det søkt kommunen om å få knyte bedehuset til vatn og kloakanlegget ved Ven skule. I 1961 vart det kjøpt inn 60 stk røyrstolar og i 1962 vart det arbeidd med å få laga eit bilete på frontveggen i storsalen. Ein kom i kontakt med Mikal Hoel i Oppdal, og han var positiv til saka. Han kom hit i 1963 og laga eit bilete som sidan har pryda huset. Bedehuset fekk i 1951-52 eit orgel som Ingar Dyrnes hadde ordna med kjøp av. Han meldte at orglet er bedehuset sin eigedom og gjevaren er å finna på Vennastranda. Dette orglet er no i så dårleg stand at det vanskeleg løner seg å reparera det. Nytt orgel til kr. 2.500,- vart vedteke kjøpt inn i 1969-70. Piano til kr. 12.000,- kom i 1980. Spørsmålet om ekstra utgang frå storsalen kombinert med bårerom vart teke opp i 1977. Kostnadene med dette var taksert til kr. 41.000,- Det var søkt om tilskot frå fylket, men søknaden vart avslege. På søknad gav Snillfjord kommune kr. 15.000,- til tiltaket og dessutan løyve til å plassera bårehuset delvis inn på skuletomta. Med masse dugnadsarbeid vart prosjektet gjennomført. Mellom anna gav Skårild Snekker-verksted to par doble og ei enkel ytterdør til bedehuset i samband med dette arbeidet. I Vuttudal var det ei foreining som arbeidde for å få bygd eit bedehus der i grenda. Dei hadde fått teke over Vuttudal og Skårild gamle skole til dette formålet, og i tillegg hadde dei samla inn ein del pengar til byggekapital. I alt vel 5.000,- kr. Da det ikkje vart aktuelt med dette bygge-arbeidet, vart skulehuset overdrege til andre, og pengane som var samla inn, vart gjeve til Ytre Snillfjord bedehus. Vilkåret var at pengane skulle brukast til noko ekstra til bedehuset. Dette vart etterkomme. |
Restaurering Vi saksar frå årsmeldinga for året 1999 I 1999 har det pågått omfattande restaurering av bedehuset. 2. høgda er utvendig kledd med trepanel, vindaugo på vestveggen er skifta ut og det er bygd til eit nytt inngangsparti. Planane for år 2000 er å gjera garderoben og inngangsparti ferdige og utvide aktuelle dører så dei blir breie nok for rullestolar. I 1999 er det kosta på ca Kr. 115.000,-. Vi starta med om lag kr. 64.000,- i egenkapital. Ein innsamlingsaksjon med bankgiroar til alle husstandar i grenda ga om lag kr. 55.000,-, og det er kome inn en del på annan måte slik at det i kassa ved årsskiftet er ca kr. 6.500,-. Det har med andre ord så langt gått veldig bra. Driftsutgiftene til bedehuset for eit år er på om lag kr. 15.000,-. Det er vanskeleg å få inn så mykje med leieinntekter, så framover må det også koma inn pengar på anna måte enn berre leieinntekter. No i september i år 2000 er det meste av alt dette ferdig. Utbygget er ferdig, men utan golvbelegg. Garderoben er rehabilitert, golvbjelkar og andre konstruksjonar er kontrollert. Det meste av dør- og glaskledingar er mala. Anders Berdal og Ole H. Berdal er dei som har stått for det meste av dette arbeidet. Men det er svært mange som i tillegg har vore med på dugnad. Den utvendige kleding er levert av Møre-Tre, og det er royalbehandla gran. I alt er det kosta på Kr. 160.000,- dei siste to åra. Helselaget og hobbyforeninga har gjeve store gåver til dette arbeidet, men no har bedehuset eit lån på kr. 10.000,- og mest ingen driftskapital i kassen. Det har så langt ikkje vore søkt eller gjeve offentleg tilskot til dette. Det er enda meir som skulle ha vore gjort. Mellom anna nytt tak.. Men vi har fått eit mykje trivelegere hus som gir grunnlag for nytte og trivsel, og da kjem det nok pengar inn, vil vi tru. Aktiviteter i bedehuset Som der er nemnt ovafor kom det med ein gong spørsmål om leige av rom i bedehuset til ymse formål, særleg då i skulesektoren. Alt hausten 1947 vart eit rom leigt ut til eit framhaldsskulekurs. Det vart etter kvart spørsmål om rom til fleire ulike kurs, mellom anna også til konfirmant-undervisning. Samvirkelaget leigde i mange år til årsmøta sine. Men mest vart bedehuset bruka til det som folk i grenda dreiv med. Helst da i kristelig arbeid og misjons-møter. Men også sosialt og kulturelt arbeid. Søndagsskolen brukar lillesalen og Misjons-selskapet har sine basarar i bedehuset. I dei vel 50 åra bedehuset har eksistert har det vore besøk av mange emissærar og andre gjester også frå utlandet. Ulike kor og musikklag har vore her og det har gitt folket i grenda eit stort vidsyn for andre skikkar og kulturer. Grenda sine eigne har og fått ein skolering i å opptre i forsamlingar og såleis auka eige sjølvkjensle og sjølvrespekt. Det første offisielle møte vart halde 13. juli 1947. Det var eit møtte for Indremisjonen med talarar derifrå. Huset var enda så å seia berre råbygget, men folk kom og fylte huset og fann seg vel til rette likevel. Det vart seinare bruk for huset til sommarleirar for ungdom som dei ulike misjons-organisasjonane arrangerte. Det var stundom samarbeid med Ven skule. Eit anna arrangement som gjekk over fleire år var påskemøtene for Santal-misjonen. Dei gjekk over fleire dagar med felles bevertning og overnatting for utanbygds deltakarar. Det vart da bruk for mange viljuge hender frå bygdefolket for å få det til. Helselaget har etter søknad hatt koppane sine lagra i bedehuset . Da det vart spørsmål om barnehage her i Ven krets vart det og spørsmål om rom. Og sjølv om romma i bedehuset ikkje var særleg egna til dette formålet, vart dei bruka i fleire år til ny skule vart bygd. Bedehuset vart og snart bruka til samankomst i privat regi. Ein tenkjer da først og fremst på gravferder. Den første begravelsen frå bedehuset som er registrert var i 1961, og det var Inger Ven som vart ført. Etter det har mest alle begravelser frå grenda våre vore i bedehuset. Før utgangen frå andre høgda vart bygd, var også den kyrkjelege delen av seremonien lagt til matsalen. Medan folket var på gravplassen vart salen rydda og bord dekt til minnesamvær i samme rommet. Seinare vart det betre med den kyrkjelege uttakinga i storsalen. I slike samvær kunne plassen stundom vera meir enn vel utnytta. Likeins kunne det vera når det vart heldt bryllaup der eller andre store familie-sammenkomster. Etter at kommunen bygde fleirbrukshus i samband med skolen er mange av dei store arrangementa flytta dit, men framleis er det samarbeid mellom skole og bedehus om bruk av utstyr m.m. Sjølv om samtalane som vart ført om å bruke bedehuset som kapell ikkje førte fram, er det årleg halde gudstenestlege møter der, også med barnedåp. |
|